Søk

Ny plan for internasjonale standardar

Standardar er nødvendige for å sikre trygge og samanhengande helse- og omsorgstenester. I Noreg satsar vi på å bruke internasjonale standardar.

– Å bruke internasjonale standardar legg til rette for ei meir effektiv IKT-utvikling i helse- og omsorgssektoren og betre kvalitet i helsetenestene, seier Georg F. Ranhoff, fungerande leiar for internasjonale standardar og normering i Direktoratet for e-helse.

Direktoratet for e-helse har publisert målbilde og plan for internasjonale standardar for perioden 2021 – 2024. Planen beskriv standardiseringstiltak som skal bidra til betre samhandling mellom verksemder i helse- og omsorgssektoren i Noreg og er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Utvikling og innovasjon

Gjennom bruk av internasjonale standardar legg planen til rette for raskare utvikling og innovasjon.

– Erfaringar frå koronaperioden har tydeleg vist kor viktig det er å raskt kunne etablere og ta i bruk nye e-helseløysningar for helsepersonell og innbyggarar. Dette gjeld til dømes behovet for å utveksle helsedata mellom land, og dessutan gjenbruka europeiske og internasjonale erfaringar i Noreg. Internasjonale standardar har bidratt til effektive løysingar for dette, seier Ranhoff.

Planen bidrar til å nå helsefaglege mål

Planen inneheld standardiseringstiltak som sikrar arbeidet i nasjonal e-helseportefølje og digitaliseringsmål i Nasjonal helse- og sjukehusplan. Den planlagde utviklinga inneber at aktørane i sektoren samarbeider om rammer og retning for IKT-utviklinga. Dette kan direktoratet normere gjennom nasjonale rettleiarar, retningslinjer og standardar. Det sikrar at nye tenester blir utvikla i tråd med behova til helsepersonell, innbyggarar og andre.

Georg-Fredrik-Ranhoff-2
Erfaringar frå koronaperioden har tydeleg vist kor viktig det er å raskt kunne etablere og ta i bruk nye e-helseløysningar, seier Georg F. Ranhoff, fungerande leiar for internasjonale standardar og normering i Direktoratet for e-helse. Foto: Direktoratet for e-helse.

–  Aktørane skal òg vera med og definere kva som må til for å sikre gode prosesser for samarbeid om internasjonale standardar. Direktoratet anbefaler å utarbeide ein felles ansvarsmodell som beskriv roller i helse- og omsorgssektoren for tilpassing og bruk av internasjonale standardar.

–  Dette skal ta vare på samspelet mellom myndigheiter, verksemder, kommunar, leverandørar og standardiseringsorganisasjonar, slik at vi i fellesskap kan få til ein effektiv standardisering innan e-helse, seier Ranhoff.

Marknadsfordeler og konkurransefortrinn

– At aktørane involverer seg i internasjonalt samarbeid og nasjonale samarbeidsforum, er viktige verkemiddel for å påverke og nytte erfaringar frå nordisk samarbeid, EU og internasjonalt arbeid. Koordinert nasjonal deltaking styrker Noregs moglegheit til å påverke utvikling og bruk av internasjonale standardar. 

–  I tillegg kan det gi norske leverandørar marknadsfordeler og konkurransefortrinn. Dei får tilgang på eit breitt internasjonalt nettverk av kliniske og tekniske fagekspertar med erfaringar som dei kan bruke i utvikling av eigne tenester, avsluttar Ranhoff.

Fant du det du lette etter?
Ja Nei