Søk

Ungdom bidrar til mindre einsemd blant eldre

Gjennom skjermen på stuebordet får Kari ta del i familielivet – utan å forlate huset eller få besøk. Dette er takka vere satsinga Digi-venn i Nord-Gudbrandsdal, der ungdom rettleier eldre i digital kompetanse.

– Eg har vore med på kalving, og likar godt å få bilde frå fjøset.

Kari Nystuen er 82 år og bur i huset sitt i Vågåmo sentrum. Ho har vore bonde heile livet, men no er det barnebarnet som driv garden. Han ligg i ei lita grend fem kilometer unna. Dottera til Kari bur òg på garden, og sender ofte bilde av livet som speler seg  ut der. På skjermen til Kari dukkar det derfor stadig opp bilde av natur, dyr og familiemedlemmer.

Kari Nystuen sitter i en lenestol. På bordet ved siden av henne står en skjerm, der er det bilde av to personer foran en hytte. Foto.
På skjermen ved sida av Kari dukkar det stadig opp nye bilde. Det gjer at ho føler seg inkludert i livet til familien. Foto: Anita Stokstad.

– Eg får vere med på både dei store og små tinga som skjer. Enten det er innkjøp av nye solbriller eller ein fjelltur.
Kari Nystuen

Digi-venn overfører teknologikompetanse

Hausten 2020 starta Vågå og fem andre kommunar prosjektet Digi-venn, som ein del av velferdsteknologisatsinga i regionen. Digi-venn-modellen er eit viktig tiltak mot einsemd, og skal bidra til overføring av digital kompetanse frå ungdom til eldre. I utprøvingsperioden får brukaren låne eit digitalt hjelpemiddel, ein skjerm, der dei får inn bilde, meldingar og har videosamtalar med venner og familie. 

For Kari er ikkje dagane så lange som før og ho føler seg mindre einsam.

– Eg får vere med på både dei store og små tinga som skjer. Enten det er innkjøp av nye solbriller eller ein fjelltur, fortel ho.

Med tre barn, åtte barnebarn og tre oldebarn er det mykje å oppdatere seg på. Til sommaren kjem oldebarn nummer fire. 

– Det blir ein gut. Bildet frå ultralyden har eg her på skjermen, smiler Kari.

Digitalisering gir tryggleik under korona
Idunn er elev på Helse- og oppvekstfag ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule og éin av 30 Digi-rettleiarar. Rettleiarane lærer brukarane og familiane deira å bruke det nye digitale hjelpemiddelet.

– Pårørande har kanskje ein travel kvardag eller bur langt unna. I tillegg gjer koronapandemien det vanskelegare å treffast på ein trygg måte. Det er fint å sette dei i kontakt med kvarandre ved hjelp av teknologi, fortel ho.

En jente sitter ved et bord og ser på en skjerm, mens hun skrur på et hjul på skjermen. Bak henne står en eldre person og ser på. Foto.
Liss Gravdal jobbar som lærer ved Nord Gudbrandsdal vidaregåande skule og lærer opp elevane som skal bli Digi-venner. Her saman med eleven Idunn. Foto: Maren Rudsar

Digi-venn prosjektet fortsett ut 2021. I neste steg skal friske eldre rettleiast i verktøy dei kan ha bruk for i eigen kvardag, som til dømes digital bestilling av legetime, videokonsultasjon med legen og heimetenesta og i å bruke Helsenorge.

Bruk av digitale helsetenester aukar i 2020

Det siste året har fleire brukt digitale helsetenester. Det er blant funna i den ferske rapporten Utviklingstrekk 2021 (PDF) frå Direktoratet for e-helse. Fleire kommunar har til dømes brukt videoløysingar for å motverke sosial isolasjon.

Iselin Vistekleiven er prosjektleiar for Smart velferdsregion Nord-Gudbrandsdal, som Digi-venn er ein del av. Ho fortel at eldre var isolerte òg før pandemien, og at pandemien har fått fart på nødvendig digitalisering. 

–  Viss vi skal greie å legge til rette for likeverdige helsetenester for innbyggarane våre, må vi gjere dei i stand til å bruke digitale løysingar, seier ho.

Nysgjerrig på e-helsetrender? På temasida vår finn du siste nytt.

Fant du det du lette etter?
Ja Nei