Søk

Nasjonalt velferdsteknologiprogram - Arkitektur og infrastruktur

Prosjektet er ein del av Nasjonalt velferdsteknologiprogram og spesifiserer, testar og bidrar til realisering av ein nasjonal referansearkitektur for velferdsteknologi.
Fase
Utredning/forprosjekt
Tiltakseier
Direktoratet for e-helse
Sist oppdatert
17. desember 2019

Bakgrunn og behov

Nasjonalt velferdsteknologiprogram er eit langvarig endringsprogram som skal hjelpe kommunar å utnytte velferdsteknologi for å bidra til god helse og mestring i befolkninga og berekraftig samfunnsutvikling. Bruk av velferdsteknologiske løysingar kan bidra til auka tryggleik og betre tenester for brukarar og pårørande. Erfaringar viser òg at velferdsteknologi kan gi meir effektiv bruk av ressursar i helse- og omsorgstenestene i kommunane.

Nasjonalt velferdsteknologiprogram er eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet som skal bidra til at fleire kommunar tar i bruk velferdsteknologi. Ca 340 kommunar er med eller har vore med i prosjekt som skal ta i bruk velferdsteknologiske løysingar.

Kommunar som har deltatt i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet frå 2013-2016 har utvikla kunnskap og verktøy som gjer det mogleg for alle kommunar å setje i gang dei nødvendige endringsprosessane.

Velferdsteknologi kan gi betre tenester for brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester.

Stortinget etablerte «Nasjonalt program for utvikling og implementering av velferdsteknologi 2014-2020» i Revidert Nasjonalbudsjett (RNB) 2013 (Prop. 149 (2012-2013))

Nasjonalt velferdsteknologiprogram rettar seg i hovudsak mot kommunale helse- og omsorgstenester. Skipinga av programmet er ei oppfølging av Meld. St. 29 (2012-2013) «Morgendagens omsorg», som forslo ei nasjonal satsing på velferdsteknologi for å:

- Etablere standardar for velferdsteknologi. 
- Utvikle og prøve ut velferdsteknologiske løysingar i kommunane. 
- Sikre utvikling av kunnskap og spreiing av velferdsteknologiske løysingar
- Bidra til ny forskningsbasert praksis for bruk av velferdsteknologi. 
- Bidra til utvikling av gode modellar for innføring og bruk av velferdsteknologi. 
- Gjennomføre kompetanseheving, m.a. gjennom videreutvikling av KS sitt «Vegkart for velferdsteknologi».
- Overordna formål er å hjelpe kommunane til å utnytte velferdsteknologi som bidrag til god helse og mestring i befolkninga og berekraftig samfunnsutvikling.

Mål for programperioden (ut 2020)
- Velferdsteknologi skal vere integrert del av dei kommunale helse- og omsorgstenestene i 2020
- Alle kommunar har integrert rutinar for å kartlegge behov for velferdsteknologi i eigen kommune
- Løfte fram utviklingskommunar, støtte og stimulere desse i omstilling, fagleg tenesteutvikling og bevise at gevinstar kan realiserast (gjort på den rette måten).
- Etablert nasjonal teknisk arkitektur og infrastruktur som forenklar innføring av velferdsteknologi i kommunane.

Forventa gevinstar

- Auka kvalitet for brukarar (innbyggarar, pasientar, pårørande og tilsette)
- Spart tid i helse- og omsorgstenesta 
- Unngåtte kostnader – i nokre tilfelle reduserte kostnader

Programmet erfarer at det tar tid frå oppstart av innføringsprosjekt i kommunane til implementerte velferdsteknologiske løysingar, noko som gjer at det vil ta tid før konkrete gevinstar knytte til spart tid, auka kvalitet og reduserte kostnader blir synlege.

Tidsplan, leveransar og milepælar

Programmet består av fleire prosjekt med ulike leveranseplanar.egge til rette for effektiv teknisk implementering og bruk av velferdsteknologi.

Rørte aktørar

Helsedirektoratet er programeigar, men Direktoratet for e-helse får eigne oppdrag i tildelingsbrevet sitt knytt til programmet. KS er tatt inn som ein strategisk partnar med spesielt fokus på arbeid med innføring/spreiing i kommunane.

Direktoratet for e-helse har tatt eit særskilt ansvar for tilrettelegging av at dei velferdsteknologiske systema lettare og sikrare kan integrerast gjennom standardar og teknisk arkitektur og slik redusere barrierane for at fleire kommunar vil ta i bruk nye teknologiar.

Det er inngått strategisk samarbeid med Nasjonalt senter for e-helseforskning om følgjeforsking på utprøvinger i programmet.

Organisering av prosjektet

Prosjektet er organisert under nasjonalt program for velferdsteknologi. Prosjektet rapporterer direkte til programleiar for dette programmet og er underlagt dei styrande organa for programmet

Programmet har tre innsatsområde:

1. Spreiing og implementering av utprøvd tryggleiks- og mestringsteknologi (spreiingsprosjektet)
2. Utprøving og utvikling av mestrings- og tryggleiksteknologi som består av tre ulike område:
- utprøving av medisinsk avstandsoppfølging for målgruppa kronisk sjuke
- utprøving av velferdsteknologi for barn og unge med funksjonsnedsetjingar
- utprøving av digitale verktøy for sosial kontakt blant eldre (og motverke einsemd)
3. Arkitektur- og infrastrukturprosjektet skal legge til rette for effektiv teknisk implementering og bruk av velferdsteknologi

Kontakt oss
Marianne Bårtvedt van Os, seniorrådgiver
Fase
Utredning/forprosjekt
Tiltakseier
Direktoratet for e-helse
Sist oppdatert
17. desember 2019
Kontakt oss
Marianne Bårtvedt van Os, seniorrådgiver