Målsetjinga er å gi brukarar av e-resept ein integrert og moderne løysing som blir drifta sentralt av nasjonal tenesteleverandør. Løysinga skal gi eit einskapleg grensesnitt. Ho skal vere fleksibel og designa for at endringar i forskrivningsfunksjonalitet skal kunne gjerast enkelt i framtida.
Produktstrategien for e-resept vart godkjent våren 2017. Fokusområde 2 i produktstrategien handlar om å «ta ut potensiale i e-reseptløsningen». Dette området peikar på eit stort behov for å vurdere nye digitale verkemiddel for å oppnå måla helsestyresmaktene har sett for legemiddelområdet. Dette er i samsvar med den nasjonale e-helsestrategiens fokus på digitalisering av arbeidsprosessar, og innsatsområde 2.3; «Dele oppdatert legemiddelinformasjon i heile pasientforløpet».
Ein premiss for å lykkast med innsatsområde 2.3 er å sluttføre allereie påbyrja tiltak før ein bygger vidare. I mars 2017 vart det derfor vedtatt å greie ut moglegheita for å etablere ein nasjonal forskrivningskomponent (NFK), som eit verkemiddel for å oppnå måla for legemiddelområdet. Formålet med løysinga skulle vere å sikre auka kvalitet i legemiddelinformasjonen til pasientar, utbreiing av e-resept, og understøtte effektiv forvaltning (inkludert endringshandtering) i e-resept.
Det vart gjennomført ei konseptutgreiing i perioden mars til september 2017. Denne er beskriven i rapporten «Nasjonal Forskrivningskomponent - konseptutgreiing». I tillegg til å beskrive nullalternativet vart det greidd ut fem moglege konsept for å oppnå ønsket effekt. Konseptet K5 Sentral forskrivningsmodul (SFM) vart anbefalt i rapporten. I september vart det vedtatt at planfasen for dette konseptet kunne starte opp, og i februar 2018 starta gjennomføringsfasen som er planlagt til utgangen av 2022.
Alle leverandørar som skal kommunisere med Reseptformidleren (RF) kan bruke den sentrale forskrivningsmodulen.
Integrasjon kan vere ulik hos den enkelte leverandøren, det kan vere bruk av forskrivningsmodulens ferdige integrerte brukargrensesnitt eller integrasjon mot eigenutvikla brukargrensesnitt.
Sentral forskrivningsmodul (SFM) Implementasjonsguide (PDF)
Funksjonelle krav ved integrasjon med Sentral forskrivningsmodul (SFM) (PDF)
Prosjektet vil gi gevinst innanfor følgjande område:
Auka utbreiing av e-resept
Auke kvalitet i e-reseptkjeden
Auke brukervennlighet for aktørar i samhandlingskjeden
Effektiv endringstakt for ny funksjonalitet
Kostnadseffektiv forvaltning
Effektivt byte av EPJ leverandør
Pasientsikkerhet og personvern blir tatt vare på
Understøtte innovasjon
Det vart i 2017 gjennomførte eit konsept- og planleggingsfase. I februar 2018 vart det vedtatt å gå vidare til gjennomføring.
Det blir no arbeidd med spesifikasjon, design og utvikling av Sentral Forskrivningsmodul. Ein PoC vart ferdigstilt hausten 2018, og dei første leverandørane starta integrasjon med SFM vår 2019.
Det er planlagt utprøving i fastlegemarknaden først, deretter i sjukeheim/heimeteneste.
Leverandørmøte
Prosjektet Sentral forskrivningsmodul arrangerer jevnlige orienteringsmøte for EPJ-leverandører, der vi deler relevant informasjon og status frå prosjektet.
Ved spørsmål eller ønske om å delta, ta kontakt med prosjektleiar Jorunn Kaasin Mosbergvik på [email protected]
Hovedaktørene er EPJ-leverandører som ønsker å tilby e-resept, og andre verksemder og helsepersonell i e-reseptkjeden.